mandag 2. juli 2012

Ein vaklande kritikk

Av kritiker og oversetter Margunn Vikingstad

Kritikk av omsett litteratur ser ut til å vakle mellom audmjukheit, nonsjalanse og arroganse. Må det vere slik?

Omsett litteratur kan ofte gje meg den same sitrande kjensla som synet av bar asfalt, eller snøklokker, når våren så vidt har skove vinteren til sides. For bokhausten kan somme gonger verke endelaus, og ein kan som kritikar bli kraftlaus når smått og stort av norske forfattarar skal meldast, mens ei fersk omsetjing av Hélène Cixous eller Magda Szabó lett blir knipsa vekk når bokstoff skal prioriterast i avisene. Og kven kan ikkje då kjenne seg som Ole Jastrau i Tom Kristensens roman Hærverk, der det eine meldareksemplaret etter det andre har bygd seg opp til eit tårn?
Å fornye uskylda
I forordet til Ordet fanger (2002), eit utval kritikkar av Erik Skyum-Nielsen, seier han at det å vere kritikar, i alle fall dersom ein jamt får lese ulike bøker, kan vere ein måte å fornye uskylda si på og få vekt lesegleda si frå nye stader. Det er ein oppløftande tanke om ein skulle gå i hundane i løpet av ein norsk bokhaust. Ein av dei sikrare vegane til ulike bøker, og dermed òg fornya uskyld, er å lese omsett litteratur. Det er litteratur som er handplukka. Forlaga har sjølvsagt ulik politikk på kva dei vel å omsetje, men om ein veit kva redaktørar og forlag ein stolar på, så veit ein òg kor ein bør gå for å finne omsett litteratur som kan pleie lesegleda. For å seie det slik: Solum Forlag har nok gitt meg meir fornya uskyld enn Juritzen Forlag.
Men blir den omsette litteraturen i altfor stor grad møtt med naiv glede av slike kritikarar som eg? Går eg, og mine mulege likesinna, til det omsette verket som om det allereie, per definisjon, var ein plutseleg frigjerande tanke, og har vi heilt kopla frå alt som kan minne om kritiske antenner? Er vi naivt audmjuke overfor litteratur som kjem frå verda der ute, overfor omsetjaren og arbeidet hennar og overfor forlaget som har valt ut bøkene som blir omsette?
Bortanfor nonsjalansen
Kanskje er det heller slik at det finst litt for mykje nonsjalanse blant kritikarar. Ein skriv om omsett litteratur som om det var snakk om ein norsk forfattar. Medvitet om at det finst ein omsetjar mellom originalen og det omsette verket, er ofte sterkt fråverande. Framleis. Bak denne nonsjalansen ligg kanskje eit litt sørgjeleg, men òg menneskeleg faktum: Kritikarar er generelt altfor svake i framandspråk til å kunne seie noko om omsetjinga i kritikk av omsett litteratur. Men må ein kunne fransk for å seie noko om Michel Houellebecq, eller japansk for å seie noko om Haruki Murakami på norsk?
Ein kritikar som har skrive svært mykje om omsett litteratur, er forfattar og kritikar Tor Eystein Øverås. Som han seier i essayet «Om å kritisere oversettelser» (frå I dette landskap): «Jeg tror knapt det er noen andre kritikere som så konsekvent konsentrerer seg om oversatt litteratur, altså den litteraturen dere, medlemmer av Norsk Oversetterforening, skriver.» Essayet blei halde som eit føredrag for omsetjarar på det årlege haustseminaret deira, og Øverås heldt like greitt fram slik: «Men samtidig, og her kommer de dårlige nyhetene: Jeg tror knapt det finnes en norsk kritiker som like konsekvent unngår å mene noe om selve oversettelsen. Hvorfor er jeg så kjip?»
Ja, kvifor er han det? Øverås vil ikkje hekte på setningar som «[...] upåklagelig oversatt av Bjørn Alex Herrman» til slutt i ei melding. Han hevdar at slike vendingar er kron- og skrekkeksempel på klisjéfylt meldarprosa. I staden for formuleringar som «Per Qvales oversettelse er det lite å si på», som rett nok ikkje seier så mykje, har Øverås valt det han òg sjølv kallar minste motstands veg. Han hoppar over omsetjinga. Men er det eigentleg lovleg? Er det lovleg om ein vil vere ein oppegåande kritikar av omsett litteratur? For det er muleg å finne ei formulering som styrer unna flosklar, og som med innsikt kan seie noko om språket og på same tid påpeike at den tyske, franske, japanske forfattaren ikkje har skrive boka på norsk sjølv.
Konkret og syrleg
Men kva skal, eller bør, eigentleg ein kritikar gjere når ho melder omsett litteratur? Må ho til dømes jamføre kvar einaste setning, dei franske med dei norske, for å kunne seie noko om omsetjinga av Stendhals Henry Brulards liv ? Kanskje. Eller, det er i alle høve ein forlokkande veg når ein les Henning Hagerups essay «Som feiere til støvet gå. Gjendiktning – oversettelse – imitasjon – destruksjon». Her dissekerer Hagerup ulike omsetjingar som ein kritikar med ambisjonar om å vere ein oppegåande kritikar av omsett litteratur, kan og vil kaste lange blikk etter.
Hagerup er svært konkret, språkleg kompetent og fint syrleg i kritikken sin. Underhaldande lesing er det òg, her Hagerups innleiande runde til kritikk av den samla norske Shakespeare-utgåva på norsk: «Professor Kristian Smidt har ved flere anledninger (i debattinnlegg og i en egen bok) vært en skånselløs kritiker av andre Shakespeare-gjendikteres tilkortkommenheter, så jeg regner med at han neppe har noen prinsipielle innvendinger mot at også hans egne prestasjoner måles ut fra strenge kvalitetskrav – eller at man feier litt i hans eget støv. Da faller mannens debut som elegiker ganske tungt til jorden, blant annet fordi han ikke later til å ha noen virkelig gjendikterpoetikk utover en bricolage-orientert idé om at man får bruke det man finner, så lenge det rimer. Dermed er det bare å knote i vei, med et høydepunkt i formuleringen ’fryd og kval har du lagt bak’ – som, uansett hva man mener om dikterisk frihet, i det minste burde fått korrekturleseren til å stusse.»
Det er ikkje berre for å gjere narr at Hagerup er så skarp og syrleg. Det finst eit heiderleg motiv bak: Å demonstrere kor vanskeleg det er å gjendikte og omsetje (og slik styrer han mellom anna unna professor i allmenn litteraturvitskap Erik Bjerck Hagens måteleg frimodige og arrogante måte å kritisere omsett litteratur på når han skriv i Morgenbladet). Kva skjer til dømes når ein tenkt norsk lyrikar med gode kunnskapar i tysk vil gjendikte Ungaretti ut frå Paul Celans Ungaretti-omsetjing? Hagerup sjonglerer med ordet «Gran» og uttrykket «Ohne ein Gran» og viser fram dei talrike mulegheitene – og avgrensingane, om det skal bli bra, som finst når ein skal komme fram til eit uanstrengt og melodiøst norsk. Første forslaget hans er den ståande vendinga «ikke det grann» eller «ikke det skapte grann», men dette trugar med å gjere starten både litt keitete og ironisk: «Uten det grann utålmodighet» eller «Uten det skapte grann utålmodighet». Etter nokre fine, illustrerande rundar med alternativ som «Uten det spøtt utålmodighet» kjem Hagerup fram til ei løysing: «Uten et snev av utålmodighet», som tar vare på den vesle reservasjonen som finst i Celan/Ungaretti-diktet. Tabben viser seg når ein ser på den italienske originalen, som i ordrett Hagerup-omsetjing blir «Uten noen tålmodighet skal jeg drømme» («Senza niuna impazienza sognerò»), for dette viser at omsetjaren har rota seg langt vekk frå Ungaretti si beint fram-erklæring. Poenget til Hagerup er at Celan har omsett i tråd med korleis han ville ha skrive dikt sjølv, og problemet for omsetjaren blir at han har basert seg på ei omsetjing/gjendikting som er altfor god, ei celansk omsetjing som er fullt på høgd med originalen, utan å gjengi han direkte.
Mot til å omsetje
Det blir somme gonger hevda at ei god omsetjing er ei omsetjing som ikkje er synleg. Hagerup tviler på dette, særleg når det kjem til poesi: «de beste gjendikterne av poesi markerer seg snarere ved å sette sitt tydelige stempel på det de gjør.» Fordi Celan vågar å ta spranget inn i sin eigen idiolekt når han omset Ungaretti, skaper han eit dikt som blir oppsiktsvekkande godt – fordi det er blitt oppsiktvekkande tysk. Hagerup strekar under at det ikkje er eit krav til gode omsetjingar å ta like ekstreme val som det Celan gjer, men eg trur han har heilt rett i at gode omsetjarar støtt må ta sjansar.
Eit slåande døme på det er Merete Alfsens heilt ferske omsetjing av den skotske forfattaren Ali Smith. Allereie i tittelen støyter ein på det uomsetjelege. Men omsetjaren tyr til kreativitet, språklege forskyvingar, misforståingar og ordspel, sentrale litterære element i Ali Smith-verda, og blir slik tru mot originalen. There but for the er første halvdel av eit uttrykk på engelsk, There but for the Grace of God I go, og uttrykket blir til den språkleg leikande tittelen På stedet mil. For at punsj og poeng ikkje skal bli borte på norsk, tek altså Alfsen svært bestemte, og vågale, steg til sida for originalteksten. Eit døme i teksten på det er då niårige Brooke diskuterer fakta med den nokon og førti år gamle Miles Garth. I ei skotsk folkevise blir «mine kjære» (the dear) til «rådyr» (the deer):
«Though there's one fact in particular I did want to ask about, Mr Garth said. Mr Garth got off the bike and went over to the chest of drawers thing and looked through the pile of The fact is notes and held one up. This one, he said, The fact is, deer know about weddings and about who you will marry. I'm pretty sure it is a fact, Brooke said, it's what it says in that song. What song? Mr Garth asked. The one about knowing where you're going, Brooke said. I don't think I know that song, Mr Garth said. Brooke sang it for him: I know where I'm going. I know who's going with me. I know who my love is. And the deer knows who I'll marry. Mr Garth started laughing. No, no, I'm not laughing at you, he said in the middle of the laughing, you sang it really beautifully. It's just the thought, the thought of a herd of deer standing on a hillside knowing who we'll marry.»
På norsk tar Alfsen vare på den språklege misforståinga og komikken med å byte den skotske folkevisa ut med ein kjend salme, og demonstrerer slik kva for mot, kreativitet og kunnskap ein god omsetjar må ha: «Men det er særlig ett faktum jeg ville spørre deg om, sa mr. Garth. Mr. Garth reiste seg fra sykkelen og gikk bort til kommoden og lette gjennom haugen med Faktum er-lapper og tok opp en av dem. Denne her, sa han. Faktum er at det er godt når liket er borte. Jeg er nokså sikker på at det er et faktum, sier Brooke, det er det som står i den sangen. Hvilken sang, spurte mr. Garth. Den om at man blir glad uten liket, sa Brooke. Jeg tror ikke jeg kan den sangen, sa mr. Garth. Brooke sang den for ham: Å salig stund uten liket. Han lever han lever ennu. Mr. Garth begynte å le. Nei, nei, jeg ler ikke av deg, sa han midt i latteren, du sang den helt nydelig.»
Mot til kritikk
Kva mot, kreativitet og kunnskap bør ein kritikar vise og ha når ho skal melde omsett litteratur? Og må ein altså kunne fransk for å seie noko om Michel Houellebecq eller japansk for å seie noko om Haruki Murakami på norsk? Å lese originalen opp mot den omsette teksten er vel einaste måten å oppdage og skjøne dei sjansane Merete Alfsen tek, og kor språkleg sterk ein må vere for å klare å omskape Smith til norsk. Men kan ein eigentleg krevje at lista for kritikk av omsett litteratur skal ligge på Hagerup-nivå? Og kor interessant er det eigentleg å få ei lang og detaljert utgreiing av arbeidet til omsetjaren i ei melding i ei dags- eller vekesavis? Heilt sikkert interessant for omsetjaren sjølv, omsetjarkollegaer og kanskje forlaget, men truleg mindre relevant for lesaren.

Men lesaren bør bli mint om at boka er omsett. Å peike på at boka ikkje originalt er skriven på norsk, i sjølve oppsettet med forfattarnamn, tittel, forlag og utgjevingsår, er mindre enn eit minimumskrav. Ein kritikar bør i tillegg kunne klare å komme med ei, helst floskelfri, formulering eller to i sjølve teksten om at det finst ein omsetjar bak. Ein naturleg stad å gjere det er til dømes når kritikaren vurderer form og stil i den omsette boka. Ein kritikar med ambisjonar om å vere ein oppegåande kritikar av omsett litteratur kan kome langt med å sjå på språket aleine, altså det norske språket. Er det eit uanstrengt, leseleg norsk? Og sjølv om ein ikkje vil ha mulegheit til å peike på direkte feil i ei omsetjing utan å lese opp mot originalen, så kan ein likevel, om ein er ein god lesar, skjøne og sjå om omsetjinga har funne ein tone, ei form, eit språk som fungerer, på norsk.

Eit godt døme på det er kritikar Anne Merethe K. Prinos si melding av J.M.G. Le Clézios Sultens refreng, som stod på trykk i Aftenposten heilt nyleg. Først diskuterer Prinos korleis ein skal lese utgjevinga, som ein biografi, eller som ein roman, før ho går over til å vurdere personskildring og språk, og dermed òg omsetjinga: «Viktigere enn spørsmålet om sjanger er det likevel at teksten i Tom Lotheringtons oversettelse fremstiller Ethel så klart og presist at det kjennes som om hun står rett ved siden av meg. Over det hele hviler et sterkt og vakkert usentimentalt vemod. Og uten at jeg kjenner hverken det franske språket eller Le Clézios forfatterskap spesielt godt, har oversettelsen en sikker enkelhet som tyder på en fin teft for originalens språk og stil.» Sjølvsagt kan ein kritikar bomme, slik ho òg kan når ho les og vurderer språket hos ein norsk forfattar. Men spørsmålet om korleis det norske språket fungerer, må med i kritikken av omsett litteratur. Er det perspektivet til stades, har ein kanskje fått bukt med litt av nonsjalansen i kritikk av omsett litteratur. Kva så med arrogansen?

I Morgenbladet i fjor sommar leverte Herman Willis ei hardhendt melding av den norske omsetjinga av Thomas Pynchons Against the Day. Han konkluderer slik: «Hadde det ikke vært for en rekke svært dårlige oversettelser fra Gyldendal de siste årene, hadde jeg anmeldt denne til litteraturpolitiet med påstand om lovens strengeste straff: inndragning av opplaget.» Det førte til ordskifte. Omsetjaren sjølv, Fartein Døvle Jonassen, svarte Willis og såg ut til å kunne påvise både feilkoplingar, misforståingar og plagiat i meldinga til Willis.

Willis sjølv valde å tre av skriftleg som kritikar av omsetjingar til norsk: «Fra nå av anmelder jeg utenlandsk litteratur i original, og så kan lesere av eventuelle norske oversettelser gjøre seg opp en egen mening om den norske språkdrakten. Ufiltrert. Om dette er noen egentlig vinning er jeg usikker på, men slik blir det.» Kritikar og omsetjar Jon Rognlien følgde opp med eit svar på det han kalla ein pussig abdikasjon, og knytte spenning til kva språk Willis vel å lese framover.

Ein god litteraturkrangel
«Jeg mener det er bra man krangler om litteratur. Jeg mener man skal krangle om litteratur», skriv Øverås i essayet om å kritisere omsetjingar. Krangel blei det då han heldt føredrag for omsetjarar, og i fjor haust provoserte han på nytt då han i eit intervju i Morgenbladet, i samband med utgjevinga av I dette landskap, hevda at omsetjarar er blitt stormannsgalne. Kanskje finst det ein flik av sanning i utsegna hans om at omsetjarar ikkje lenger er fornøgde med å vere formidlarar, dei vil vere kunstnarar. Om det eigentleg er så frykteleg gale, er eit anna spørsmål, og det finst vel òg nok døme på omsetjingar som må kunne kallast kunst.
Øverås sjølv står fram som ein ganske arrogant kritikar av omsett litteratur og litteraturformidlar. Forfattaren vil noko med tekstane sine, det er sympatisk, for det er tydeleg. Og det inspirerer. Kritikk av omsett litteratur må bli meir tydeleg. Han må våge meir. Slik òg kritikk av norsk samtidslitteratur må våge meir. For kvifor er det slik at det oftast er boka sjølv som får definere kva ho vil, mens oppgåva til kritikaren blir å vurdere om boka oppfyller dei kriteria boka sjølv kjem med. Kvifor har kritikken vore, og ser framleis ut til å vere, så merkeleg samstemt at ein må vurdere boka ut frå sine eigne premissar, som Kristoffer Jul-Larsen spør når han går gjennom kritikkåret 2009 i Norsk Litterær Årbok 2010.
Som Øverås peiker på, må kritikaren løfte blikket opp frå boksidene. Litteratur handlar faktisk om liv. Han blir skriven i ei samtid, og han blir skriven inn i ein samtidslitteratur. Til liks med Jul-Larsen meiner Øverås at kritikken ikkje berre bør svare på boka han kritiserer. Han bør òg våge å utfordre boka, våge å spørje: Er emnet verkeleg interessant nok til å bli litteratur?
Ein kritikar med ambisjonar om å vere ein oppegåande kritikar av den norske samtidslitteraturen orienterer seg i ein forfattarskap, set den aktuelle boka i ein samanheng – og vågar i tillegg å sjå bortanfor bokas eigne premissar. Slik kan òg ein kritikar med ambisjonar om å vere ein oppegåande kritikar av omsett litteratur begynne å orientere seg i ein omsetjarskap. Til liks med ulike forfattarskapar, er ikkje alle omsetjarskapar like omfangsrike, eller interessante. Men det er til dømes muleg å setje omsetjingane til Mererete Alfsen frå engelsk (Virginia Woolf, A.S. Byatt, Ali Smith), Thomas Lundbo sine omsetjingar frå fransk (Michel Houellebecq, Jacques Roubaud, Raymond Queneau), Tommy Watz sine omsetjingar frå italiensk (Italo Calvino, Dino Buzzati, Luigi Pirandello) eller Per Qvale sine omsetjingar frå tysk og svensk (Thomas Mann, Göran Tunström, Torgny Lindgren) inn i ein samanheng.
Tenk deg ein kritikar som ikkje berre svarer på boka han kritiserer, men løfter blikket opp frå boksidene, slik Øverås krev, og vågar å utfordre omsetjaren (og forlaget): Kvifor omset omsetjaren denne boka nå? Kva bok ser eg, kritikaren, for meg at omsetjaren skal kunne omsetje? Burde omsetjaren ha omsett (og forlaget valt) ei anna bok? Brukar omsetjaren (og forlaget) talentet sitt rett? Om ein kjem dit, vil det kanskje òg vere muleg å rette kritiske og relevante spørsmål til seg sjølv og eigen stand: Burde kritikaren ha meldt denne boka? Og: Har kritikaren brukt talentet sitt rett? Først då kan kanskje kritikaren finne ein ståstad, bortanfor audmjukheit, nonsjalanse og arroganse, som gjer det muleg å skrive relevant og interessant kritikk av omsett litteratur.

KJELDER
Kristoffer Jul-Larsen 2010. Kritikkåret 2009. I Norsk Litterær Årbok 2010
Erik Skyum-Nielsen 2002. Ordet fanger. Gyldendal
Tor Eystein Øverås 2012. I dette landskap. Gyldendal
Tor Eystein Øverås 2009. Livet! Litteraturen! Gyldendal
Henning Hagerup 2005. Som feiere til støvet gå. Gjendiktning – oversettelse – imitasjon – destruksjon. I Vagant 3/2005

Denne artikkelen sto opprinnelig på trykk i Syn og Segn nr. 2/12.

4 kommentarer:

May Grethe Lerum sa...

Godt!

Anne Cathrine Wollebæk sa...

Framifrå!

Eva Dobos sa...

Margunn, artikkelen din inspirerer til modighet, ja, det kan hende at vi oversettere trenger litt mer av det. Eva Dobos

Margunn Vikingstad sa...

Kjekt å høyre, May Grethe, Anne Cathrine og Eva!