onsdag 10. oktober 2012

"Når alt kjem til alt, var det lett å drepe mor mi." (Del 2)

Følgende artikkel av forfatter, kritiker og oversetter Anne Karin Torheim sto på trykk i Syn og segn nr. 3/08. Her på bloggen er teksten delt i to; første del finner du HER. 

”NÅR ALT KJEM TIL ALT, VAR DET LETT Å DREPE MOR MI.” Om Alice Sebolds romanar. (Del 2)

RETT PÅ
Om eg kunne gitt eit vitskapeleg sett presist svar på kvifor ei bok blir bestseljar, ville eg kanskje vore verdas best betalte forlagskonsulent, og det er eg faktisk ikkje. Verken forlag eller andre kan på førehand vere heilt sikre på om ei bok blir bestseljar - i alle fall så lenge det ikkje handlar om den totalt spekulative litteraturen. Men det er ei god hjelp om forfattaren har skrive ein bestseljar før, og det hadde altså Sebold; nemleg den tidlegare nemnde debutromanen Alle mine kjære.
              Både Alle mine kjære og Nesten evig har sterke eg-forteljarar. Og begge bøkene opnar med mord. Rett på tragiske saker med alvorlege konsekvensar med andre ord. Sebold kommenterer dette sjølv i eit intervju:
              ”I believe the story should invite a reader in immediately, so my books begins directly. Neither Susie nor Helen has a lot of time to waste, and they let you know right off who they are and how they got there. Maybe this reflects my own hatred of small talk. (….) This allows us to get to the heart of the matter, which is what human communication is about. In the book Helen says she hates the phrase ’no worries,’ and every time I find myself using it, I think of how Helen would detest me for it! Who has no worries? It is such a lie!”

I den første romanen heiter altså eg-forteljaren Susie. Ho er berre 14 år når ho blir valdteken og myrda. Men forfattaren gjer det fantasifulle litterære grepet at ho plasserer henne i ein slags fabel-himmel der ho kan sjå ned på jorda og følgje med i kva som skjer ettersom åra går - både med familien sin og mordaren - medan ho sjølv forblir 14 år. Det er både ein grotesk, rørande og ikkje minst sjarmerande roman som med sitt himmelske eventyrunivers har tiltala mange, trass i det tragiske utgangspunktet. (Og dette fabeluniverset forklarer kanskje kvifor Peter Jackson og Steven Spielberg blei sett på saka med å lage film av romanen.) Boka fekk gode kritikkar og også prisar då den kom for seks år sidan. Og når snøballen først begynner å rulle kan det verke som om berre publikum er flokkdyr nok og boka får god marknadsføring , så er det gjort. Men når sant skal seiast er det heller ikkje vanskeleg å føle sympati med eg-forteljaren Susie som døyr så ung og på så grufullt vis. Og forfatteren er god på ”showing not telling” slik at vi får meir enn ein 14-årings perspektiv på det heile.
              I Nesten evig er altså eg-forteljaren Helen på 49, og ho er sjølv mordaren. Då kan det vel bli vanskelegare å vekke sympati overalt… Om dette seier Sebold sjølv:
              ”Helen is a complex character. Though her actions are, on the face of it, hard to understand, the challenge for me was that, if done right, the reader might be able to see how she had gotten to this place and have compassion for her. ”
              No blei ikkje Nesten evig så eintydig omfamna av kritikken som Alle mine kjære, då den kom ut i fjor haust. Slik kan det verke som om ikkje alle kritikarar har forstått seg på Helen. I The New York Times skriv ein kritikar med namnet Lee Siegel følgjande: ”This novel is so morally, emotionally and intellectually incoherent that it's bound to become a bestseller.” Hmm… denne grunngjevinga får stå for hans rekning. Sielgel skriv såpass ironisk og hånleg at han er tydelegvis blitt kraftig provosert. Og ein blir berre provosert av det ein ikkje forstår, har eg høyrt. I iveren etter å ta bestseljeriet ser han ikkje skogen for berre tre. Dessutan har han tydelegvis verken Ibsen eller Bergman si innsikt i den kvinnelege psyke. Eit eksempel på ein positiv kritikar er Kim Hedges i The San Francisco Chronicle som konkluderer: ”Along with its buoying dark wit, it is this eerily familiar blurred line between sane and insane that makes The Almost Moon simultanesously uncomfortable and absorbing. ”
              Her har vi altså to kritikarar med heilt ulike meiningar om boka. Etter mi erfaring så er det ofte slik at om ei bok verkeleg er interessant nok, så vil den få motstridande kritikk. Ei slik bok er altså Nesten evig, og den er såleis meir ein test for kritikken enn at kritikken er ein test for boka. Ei tvitydig kritikarmottaking kan trylle fram andre lesarar enn dei som las Alle mine kjære som jo var ein meir eintydig kritikarsuksess. Den var også enklare å omsetje og vel også enklare å lese. Eg trur altså Sebold har fått nye lesarar med Nesten evig og at mange av dei gamle også har følgt med på lasset.
              Så langt har eg nemnd mest ytre omstende rundt denne bestseljaren. Når det gjeld sjølve boka, så vil eg først seie at der er ingen ting i vegen for at ei god bok kan bli ein bestseljar. Dernest at eg trur gjenkjenningseffekten er stor her. Ikkje det at det er spesielt vanleg at ei dotter myrdar mor si, men denne ugjerninga problematiserer ganske grunding det klassisk vanskelege mor/dotter forholdet, og når det blir fortalt om gjennom dottera på 49 så treff forfattaren dei heime som les bøker – for det har vi høyrt helst er middelaldrande kvinner. Og då kan ein vel gå utifrå at marknadsføringsfolka har vendt seg mot denne målgruppa eller segmentet eller kva det no er dei kallar det.
              Men neimen om eg er heilt sikker på at Nesten evig ville blitt ein bestseljar om ikkje Sebold først hadde skrive Alle mine kjære, som har det eg kunne kalle ein lysare sjarm. Med det meiner eg at Nesten evig pløyer djupare i våre eksistensielle vilkår – noko ein strengt tatt også kan forlange frå ein eg-forteljar på 49 i forhold til ein på 14. Slik sett verkar boka også truverdig. Verda vil bedradd, men ikkje alltid. Heldigvis.

VALD LETTARE I FIKSJONEN
Noko som er temmeleg opplagt er krim-elementet i begge romanane. I Nesten evig får vi ikkje berre mordermord, men også, for eksempel ei skildringa der ein liten gut på sykkel blir brutalt påkøyrd av ein bil som berre køyrer vidare. Guten døyr kort etter påkøyringa som utspelar seg utanfor huset der hovudpersonen Helen bur. Fiksjonaliserte valdshandlingar ser jo alltid ut til å nå eit stort publikum, kor det no heng i hop. Det kan ha noko med å gjere at den slags har eit ganske så stort omfang også i vår verkeleg verd, men at det er lettare å møte det i fiksjonen. I så måte har faktisk Sebold sjølv grufulle erfaringar frå den verkelege verda. No er ikkje eg den som likar å blande inn forfattarens biografi i lesinga av bøker fordi det oftast berre forstyrrar det romanuniverset forfattaren har bygd opp, og som burde vere nok i seg sjølv. Men eg nemner det sidan Sebold sjølv offentleg ikkje har lagt skjul på det - 18 år gammal blei ho nemleg brutalt valdteken. Ein sein kveld i 1981 blei ho angripen bakfrå, slått ned og dradd til ein nærliggjande tunnel ved universitetet i Syracuse nord for New York, der ho på den tida var førsteårs student. Ho klarte å rømme og nokre månader seinare kjente ho igjen gjerningsmannen på gata og fekk han arrestert. Eg kan legge til at då eg las skildringa av valdtekta i Alle mine kjære, tenkte eg at dette må forfattaren ha erfart sjølv - så livaktig var denne fryktelege ugjerninga skildra - frå offerets synsvinkel - det sjølvbiografiske som eit slags litterært verkemiddel, kunne eg seie, men eit svært dyrkjøpt verkemiddel og ei erfaring forfattaren brukte mange år på å bearbeide, blant anna gjennom å skrive memoarboka Lucky (1999). Sebold skal ha sagt at ho med den boka fekk rydda opp i sitt eige rot – noko som måtte til før ho fekk fart på den skjønnlitterære skrivinga si.
              I eit intervju med Dagbladets Magnus A. Rønningen på Café Prague i San Francisco frå februar i år, seier Sebold blant anna ”Hvis folk ser rart på meg, er det vanskelig å vite om det er fordi jeg har solgt millioner av bøker eller fordi de vet at jeg har blitt voldtatt, og,” skriv Rønningen, ”ler av sin egen rolle i en underlig verden.” Ho seier også: ”Fordi jeg har blitt voldtatt selv, føler jeg at jeg kan skrive om vold med en viss autoritet, (…).” Den som har vore i krigen veit meir om kva krig i praksis er, enn den som ikkje har vore der. Slik er det berre.
              Og sidan denne artikkelen ikkje hadde sett dagens lys utan forfattarens Alice Sebold sine bøker, gir eg gladeleg siste ordet til henne. Sitatet er henta frå eit intervju gjort av Ann Darby i Publisher Weekly om Nesten evig: ” I was motivated to write about violence because I believe it's not unusual. I see it as just a part of life, and I think we get in trouble when we separate people who've experienced it from those who haven't. Though it's a horrible experience , it's not as if violence hasn't affected many of us.”

Ingen kommentarer: