tirsdag 30. juli 2013

Tvers gjennom tvers ... litt om omsetjing av Tarjei Vesaas til spansk

Av Juan Gutiérrez-Maupomé, som oversetter fra norsk til spansk

Høsten 2012 utlyste NORLA – Senter for norsk skjønn- og faglitteratur i utlandet – en kåserikonkurranse for utenlandske oversettere av norsk litteratur. Oversettere fra hele verden ble invitert til å skrive kåserier med betraktninger fra sitt oversettervirke. Tematikken var fri, gjerne underlige eller irriterende ting og fenomener – enten i det norske språket eller ved den norske kulturen. Oversetterbloggen har fått tillatelse til å publisere både vinnerbidragene og de andre kåseriene. Følg med! Tidligere innlegg finner du HER, HER, HER, HER, HER og HER.


Kåseriet mitt kunne ha fleire titlar, for i Vesaas finn du så mange overraskande setningar. Der sit du og les, og plutselig står ei setning som er eit under: "Kven talar vi med, når vi teier?" seier han, og du må stoppe. Setninga er der, og skal bli der. Men det er omsetjing me skulle snakke om. Ja. Å koma til Noreg for å lære meg nynorsk for å omsetje Tarjei Vesaas til spansk, har gjort meg kjent på uventa måtar og i uventa områder. Der er mange som trur at eg er gal. Og ja, kanskje er eg det. Ikkje heilt normal, i alle fall.

Som omsetjar vil ein gjerne kunne reise i tid og rom for å vera på steden der ein forfattar budde, for å blande seg i samfunnet og området som hadde vori hans eller hennar. Å snakke med menneske der, eta med dei, dela brød på borda med dei. Bli kjent med hans venner, familie, med hans folk. Som oftast er det umogeleg. Men, eg ville prøva.

Ein dag i 2009, byrja ferda mi frå México by, gjennom London, til eg fann meg sjølv på ein aude sumarcamp, i Vinje. Det var juni, og det var snø. Der står eg, med dei to koffertane mine, og ei stor interesse for Vesaas. Eg sat utanfor hytta eg hadde lånt meg, med sol på natta. Ingen menneske å sjå. Utan mobil, utan internett. Stille. Ro. Eg lurte på om alle dei heime hadde hatt rett, at det var galskap å koma hit slik. Eg kjem frå ein by med over 20 millionar menneske. Galskap, kanskje. Men me har vori velkomne her. No bur me i ei lita bygd, oppi fjella.

Fleire dagar seinare var eg på butikken og skulle kaupa Vinje-tomater. Jau, der finst nokon som produsere tomater i Vinje - men det er eg som er gal, ikkje sant? Der sto eg med tomatane mine då ein flott, vakker, elegant og snill dame plutselig spurte om eg var Juan, den meksikanske ...

Ja, sa eg, det er meg.

Eg er Guri, Guri Vesaas.

Det var byrginga til eit fint, flott vennskap, ikkje berre med ho Guri, men også med han Olav, ikkje minst, med Hilde Vesaas. Det som eg har gjort med Tarjei Vesaas sine tekstar, har eg gjort saman med Hilde. Me byrja med dikt og korte noveller. Lev, vår draum. Ver alltid like ny. Ja.

Ein dag sa dei at eg skulle lese ei viktig, kjempeviktig novelle ...

Det var vinter i Vinje, og det snør. Det snør og snør over glenna, slik heiter huset vi budde i. Eg las om mannen som spelar, som kjemper for livet imot stjernene med musikk, og eg forstod. Å spela musikk med ord er det einaste eg kan gjera. Langt inne i huset, men ut mot straumen. Spela! ropar han, og ofrar ein ny bit av sitt inste.

Der sat eg, i huset på glenna, rådyra vil koma og spise frukost utanfor vindaugo våre, fleire forfattarar skulle eg lese for å kjene akkurat kva var nynorsk, og kva var Tarjei Vesaas sin stil. Nye dørar, nye vindaugo.

Nei, eg er ikkje så gal. Det er så mykje eg kan, og vil, takka Tarjei Vesaas for. Det er mykje eg har lært, ikkje berre om språk, dialekt eller litteratur. Men også om meg sjølv, og om arbeidet mitt, både med omsetjing og med skriving.

Setningar som finst, har eg snakka om før, setningar som kan endra livet, men også som kan hjelpe å forstå akkurat kva ein prøve å gjera, og kvifor og korleis...

I Fuglane, til dømes. I Fuglane er det han Mattis som greidde det:

"og himmelen var rein, torevêr skulle det ikkje bli i natt.
Tvers gjennom lyn, tenkte han og gruste seg.

Tvers gjennom tvers, tenkte han."

Jauda, Det er akkurat dette me gjera som omsetjarar. Å gå tvers gjennom tvers språk, tvers gjennom tvers tekstane, for å fine eit ord, ein stein i ei kald elv. Ein stein til, skal vi koma yver ... Ja, jo, jo ... Fordi det finst eit ord som eg skal også skulle finna ... Det er dette me driver med, då me omset. Og gjennom dette må me læra verda på nytt.

Det er Tarjei Vesaas som har opne meg dei dørar eg snakkar om, dei vindaugo. Han var ein stor forfattar, ein stor mann. Og å omsetje han til spansk er den einaste måte eg kjenner til å takka han, han Tarjei.

Eidsborg, februar 2013

2 kommentarer:

Helen Kierulf Svane sa...

Det er fantastisk hva du har fått til, Juan, verden skulle hatt mer av "galskapen" og motet ditt. Og din vakre poetiske stemme og observasjoner. Abrazos de Helen y Amanda!

Watervis sa...

klem fra willem