Kulturdepartementets priser for barne- og ungdomslitteratur utgitt i 2012 er blitt utdelt i dag. I oversetterkategorien gikk prisen til Guri Vesaas for oversettelsen fra italiensk av Rosas buss av Fabrizio Silei, Ill. Maurizio A.C.
Quarello, Det Norske Samlaget.
Juryen sier:
Om oversetteren:
Guri Vesaas har alltid hatt ei vakent blikk for den italiensk
barnelitteraturen, som bare unntaksvis finn vegen til Noreg. Omsetjinga
hennar av Rosas buss flyt godt på norsk,
har rytme og energi og formidlar den alvorlege og personlege tonen i
den brennbare teksten i eit stødig og stilsikkert språk.
Om boka:
I 1955 nekta Rosa Parks å reise seg for ein kvit amerikanar på ein gul
buss i Montgomery i Alabama, ei uhøyrd handling som enda i Høgsterett. I
den italienske bildeboka Rosas buss lèt forfattaren Fabrizio Silei eit
augevitne fortelje historia til barnebarnet sitt mange år seinare. Det
skjer i Henry Ford-museet der den gule bussen står den dag i dag.
Bestefaren var nemleg sjølv med bussen, og mens Rosa sat, reiste han seg
for den kvite mannen. Resten av livet har han hatt dårleg samvit fordi
han mista motet og oppførde seg så feigt. Maurizio Quarellos fargesterke
bilde vinkar til måleria av Edward Hopper og tilfører forteljinga ei
einsemd som forsterkar marginaliseringa av den svarte rasen.
Oversetterbloggen gratulerer!
Har du stemt frem din favoritt?
for 14 timer siden
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar