Av Guy Puzey, som oversetter fra norsk til engelsk
Høsten 2012 utlyste NORLA
– Senter for norsk skjønn- og faglitteratur i utlandet – en
kåserikonkurranse for utenlandske oversettere av norsk litteratur.
Oversettere fra hele verden ble invitert til å skrive kåserier med
betraktninger fra sitt oversettervirke. Tematikken var fri, gjerne
underlige eller irriterende ting og fenomener – enten i det norske
språket eller ved den norske kulturen. I fjor ble både vinnerbidragene og de andre kåseriene publisert her på Oversetterbloggen: HER, HER, HER, HER, HER, HER, HER, HER og HER. Én tekst måtte imidlertid ettersendes, og den er nå endelig klar til å legges ut:
Det er til ei kvar tid fleire tusen menneske som studerer norsk utanfor
Noreg. Mange av dei har valt å studere norsk fordi dei har norske slektningar,
norske kjærastar, norske båtar eller norske ski. Sjølv har eg ingen norske
slektningar og ingen båt. Eg har berre gått på ski éin gong, og det var på
plastmatter. Det gjekk litt dårleg. Kanskje på grunn av dette har eg aldri hatt
ein norsk kjærast. For litt over ti år sidan valde eg likevel å studere norsk
(saman med italiensk) ved Universitetet i Edinburgh. Noko skjedde undervegs som
førte til at eg no skriv meir på nynorsk enn på bokmål sjølv om det var bokmål som
eg lærde først. Eg har skrive doktoravhandling om norsk språkpolitikk og driv
no mykje med å undervise norsk og med å omsetje frå norsk til engelsk.
Det skjer ganske ofte at andre spør meg kvifor eg valde akkurat norsk, og det skjer av og til at eg spør meg det same. Nokre personar byrjar å studere norsk fordi dei gjerne vil forstå norske kultureksportar på originalspråket, anten det dreier seg om Henrik Ibsen, Tarjei Vesaas, Erlend Loe eller Dimmu Borgir og svartmetall. Så vidt eg hugsar, vart eg først utsett for norsk kultur på grunn av at mor mi spelar sekkepipe. Eg var ikkje så interessert i sjølv å spele sekkepipe. Mor tok meg ofte med da ho skulle på sekkepipekonsert eller på sekkepipelagsmøte. Eg sat i hjørnet og las leksene og teikneserieblad medan verdas beste sekkepipespelarar sakte gjekk laus på høyrsla mi. Mor tok meg med på Edinburgh Military Tattoo i 1993, ei stor militær oppvising på esplanaden framfor borga i Edinburgh. Der kan ein sjølvsagt sjå og høyre mange sekkepiper, men i 1993 var musikk- og drilltroppen frå Hans Majestet Kongens Garde også med. Eg likte dei flotte paradehattane deira med plymen av bøffelhår og syntest at dei norske gardistane var det beste innslaget. Til og med betre enn sekkepipene.
Det skjer ganske ofte at andre spør meg kvifor eg valde akkurat norsk, og det skjer av og til at eg spør meg det same. Nokre personar byrjar å studere norsk fordi dei gjerne vil forstå norske kultureksportar på originalspråket, anten det dreier seg om Henrik Ibsen, Tarjei Vesaas, Erlend Loe eller Dimmu Borgir og svartmetall. Så vidt eg hugsar, vart eg først utsett for norsk kultur på grunn av at mor mi spelar sekkepipe. Eg var ikkje så interessert i sjølv å spele sekkepipe. Mor tok meg ofte med da ho skulle på sekkepipekonsert eller på sekkepipelagsmøte. Eg sat i hjørnet og las leksene og teikneserieblad medan verdas beste sekkepipespelarar sakte gjekk laus på høyrsla mi. Mor tok meg med på Edinburgh Military Tattoo i 1993, ei stor militær oppvising på esplanaden framfor borga i Edinburgh. Der kan ein sjølvsagt sjå og høyre mange sekkepiper, men i 1993 var musikk- og drilltroppen frå Hans Majestet Kongens Garde også med. Eg likte dei flotte paradehattane deira med plymen av bøffelhår og syntest at dei norske gardistane var det beste innslaget. Til og med betre enn sekkepipene.
Da eg vart litt eldre, byrja eg å høyre på norsk
radio på mellombølgja frå radiosendarane på Kvitsøy og på Vigra, som no er
rivne ned. Noreg er Skottlands nærmaste nabo på kontinentet og ikkje langt over
Nordsjøen frå der eg voks opp, så det var lett å få norsk radio. Eg syntest at
den gamle Europakanalen frå NRK hadde mykje av den beste musikken, og det var gøy
å prøve å forstå språket. Ein av dei norske songarane som eg likte best, sjølv
om ho som oftast syng på engelsk, var Lene Marlin. Eg vart medlem i ein
fanklubb for henne på Internett, og der vart eg kjend med ei italiensk jente
som eg no har vore saman med i tolv år og er gift med, og som også har studert
norsk.
Eg visste det ikkje da eg var liten, men eg har faktisk
også ei familietilknyting til Noreg gjennom gamleonkelen min, som heitte George
Jefferies. Han var haleskyttar på torpedobombefly under den andre verdskrigen,
og han fall i kamp saman med resten av mannskapet da flyet deira vart skote ned
utanfor Lista 17. mai 1942. Radiooperatøren er gravlagd i Sola kyrkjegard medan
dei andre vart borte på sjøen. Dette har gjort det enda meir meiningsfylt for
meg at eg har noko med Noreg å gjere.
No som eg har forklart korleis eg kom i kontakt med
Noreg, er det kanskje lurt å gjere greie for kvifor eg skriv dette på nynorsk,
for det er jo ikkje tilfeldig. Noko dei aller fleste som lærer norsk i utlandet
har til felles, er at vi vert litt overraska når vi først kjem til Noreg og
skjønner veldig lite av det folk seier til oss. I dei fleste opplæringssentra
som tilbyr norskkurs i utlandet, er det bokmål studentane møter først i
lærebøker, og det er vanlegvis opplese bokmål dei får høyre i lytteøvingane som
er knytte til lærebøkene. I utgangspunktet kan det norske språk- og dialektmangfaldet
vere litt av ei utfordring, men utanlandske norsktalarar set ofte pris på at dei
vert inkludert i dette mangfaldet ved at dialektbrukarar ikkje normerer
talemålet til bokmål når dei snakkar med oss. Personleg synest eg at det vert
mykje lettare å forstå dialektar utanfor Austlandet når ein er kjend med
nynorsk, for skriftspråket nynorsk er jo basert på norske dialektar.
Grunnen til at eg fekk lyst til å skifte til å skrive
på nynorsk har likevel ein del med ideologien bak språket å gjere. Dialekt- og språksaker er alltid politiske saker. I Noreg har kampen for bruk
av dialektar vorte ein del av eit større prosjekt for å frigjere folk sosialt
og for å fremje tanken om likeverd og sjølvtillit. Det har også vore ei viktig
motvekt mot sentrumsmakta i samfunnet. Den utbreidde bruken av dialektar i
Noreg er ein stor suksess for sosial likestilling og språkleg medvit, og slike
suksessar er nokså sjeldne rundt omkring i Europa.
Dimed har eg berre delvis forklart kvifor ein
utlending som meg kan vere så interessert i nynorsk, men korleis kan alt dette
påverke sjølve omsetjingsprosessen? Ein norsk tekst som eg nyleg har omsett til
engelsk er den første boka av den vedunderlege barnebokforfattaren Maria Parr, Vaffelhjarte:
Lena og eg i Knert-Mathilde (Det Norske Samlaget, 2005) [Waffle Hearts:
Lena and Me
in Mathildewick Cove (Walker Books, 2013)]. Denne boka fortel om to unge venner, Trille og Lena. Trille er ein ganske sjenert og tenksam gut, og Lena er ei livleg jente som alltid finn på noko nytt å gjere, som oftast noko farleg. Boka handlar om eventyra og vennskapen deira, og om kva som skjer når Lena og mor hennar skal flytte vekk frå det lisle vestlandske kystsamfunnet der dei bur.
in Mathildewick Cove (Walker Books, 2013)]. Denne boka fortel om to unge venner, Trille og Lena. Trille er ein ganske sjenert og tenksam gut, og Lena er ei livleg jente som alltid finn på noko nytt å gjere, som oftast noko farleg. Boka handlar om eventyra og vennskapen deira, og om kva som skjer når Lena og mor hennar skal flytte vekk frå det lisle vestlandske kystsamfunnet der dei bur.
Boka er på nynorsk. På den eine sida stemmer det jo
at nynorsk er eit språk som alle andre. Dersom heile boka er på den same
språkvarianten, er det kanskje legitimt å spørje om det spelar noka rolle for
omsetjaren om boka er på riksmål, bokmål, nynorsk, høgnorsk, trøndersk eller
kva det kan vere. Likevel er det alltid viktig å forstå på
tekstnivået kva slags idéar er knytt til den språkvarianten i det vidare
samfunnet og den vidare kulturen som teksten er ein del av. Dette gjeld
spesielt når ein tekst alt har fått merksemd utanfor det spesifikke
språksamfunnet til forfattaren eller som teksten omtalar. Lesarane av Vaffelhjarte
er jo ikkje berre folk frå Sunnmøre eller som har nynorsk som hovudmål. Dimed
må vi tenkje litt på kva det nynorske språket kan signalisere til norske
lesarar. Sjølv om nynorsk og bokmål offisielt er likestilte over heile landet,
er situasjonen slik at bokmål er den hegemoniske språkforma, og det ligg historisk
ein del mothegemoniske tendensar i målrørsla. Dessutan finst det eit
kjerneområde på det rurale Vestlandet som mange identifiserer nynorsk med.
Dette området og det nynorske språket er i sin tur identifisert av mange i
dagens Noreg som perifere. Makta til bokmål er synleg også på DVD-omslaget til
NRKs filmatisering av Vaffelhjarte, der det står for eksempel ’basert på
en bok av Maria Parr’.
Dersom ein
omset denne boka til eit minoritetsspråk, er det mogleg å bevare alle desse
aspekta ganske godt, men i dette tilfellet måtte eg omsetje boka til det
språket som for tida har størst språkpolitisk makt i verda. Når vi tenkjer på
dei største minoritetsspråka i Storbritannia, er walisisk, gælisk og irsk
keltiske språk som er veldig forskjellige frå engelsk. Det skotske språket er
eit germansk språk som er gjensidig forståeleg med engelsk til ei høg grad, men
eg gjekk ut frå at dei gode folka på forlaget i London ville vere litt forvirra
dersom eg leverte eit manus på skotsk som dei da må prøve å selje til engelskspråklege
lesarar rundt i verda, og dessutan kan eg ikkje skrive skotsk.
Dimed valde
eg å krydre teksten med nokre få ord og uttrykk som vil gje mange lesarar eit
inntrykk av ein perifer stad. Desse krydderorda hadde ofte ein litt skotskaktig
smak, og eg måtte jo forklare til forlaget kvifor eg gjorde dette. Etter at eg
gav dei ei lita orientering om den norske språkstoda, kunne dei gå med på å
bruke dei fleste av desse orda, slik at Trilles ’tante-farmor’ fekk lov til å
kalle han ’laddie’ og ikkje ’boy’.
Det gjaldt sjølvsagt å vere litt varsam med desse skotskaktige krydderorda. Eg ville ikkje knyte teksten for mykje til ein ekte stad i Storbritannia fordi det er heilt tydeleg at handlinga i Vaffelhjarte finn stad i utlandet. Maten er ein viktig del av det eksotiske for utanlandske lesarar: Vaflar er for eksempel ei nokså sjeldan matvare hos oss, og personane i denne boka drikk meir kaffi enn te.
Det gjaldt sjølvsagt å vere litt varsam med desse skotskaktige krydderorda. Eg ville ikkje knyte teksten for mykje til ein ekte stad i Storbritannia fordi det er heilt tydeleg at handlinga i Vaffelhjarte finn stad i utlandet. Maten er ein viktig del av det eksotiske for utanlandske lesarar: Vaflar er for eksempel ei nokså sjeldan matvare hos oss, og personane i denne boka drikk meir kaffi enn te.
Forlaget Walker Books gjorde eit veldig grundig arbeid med boka, og eg synest at vi kom fram til eit kompromiss med ei omsetjing som både er trufast mot den norske teksten og lett tilgjengeleg for engelskspråklege lesarar. Eit eksempel hadde med mat å gjere, nemleg kamferdrops. Dette viktige næringsmiddelet med lækjande eigenskapar heiter ‘camphor lozenges’ på engelsk. Forlaget syntest nok at dette vart litt for rart og gammaldags og endra det til dei nokså vanlege ‘peppermints’, men poenget var nettopp at det måtte vere gammaldags fordi det er dei eldre personane i boka som et dei. Eg snakka med ekte nordmenn, som kunne stadfeste at kamferdrops er gammaldags også på norsk. Dimed kom vi fram til ‘boiled sweets’ som eit kompromiss.
Eit anna
element i å lage ein språkleg smak rundt teksten som gjer det mogleg å tru at
handlinga går føre seg i Kyst-Noreg kom med å omsetje dei forskjellige nestenbanneorda.
Maria Parr har ein filosofi om å ikkje banne i boka, men ho har lagt seg så nær
opptil som det går med Lenas ’søren ta’ eller farfarens ’honden-dondre’. Desse
vart omsett med uttrykk som hadde noko med kystsamfunnet å gjere, nemleg med
fisketerminologi, som ’smoking haddocks!’ eller ’you smoked haddock!’
(dvs. ’røykjande hyser’ eller ’din røykte hysa’), eller ’suffering
sticklebacks’ (’lidande stingsildar’).
Sjølv om det
er umogleg å bevare heile det språklege biletet som ein norsk tekst kan gje,
anten teksten er skrive på bokmål eller på nynorsk, finst det da ulike
strategiar ein omsetjar kan bruke for å prøve å gje att litt av den fargerike
biletveven som er det norske språket. Det vil eg gjere som omsetjar. Som norsklærar
håpar eg også at nokre lesarar vil da få lyst til å lære originalspråket. Og da
helst begge formene!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar