Av oversetter Tove Bakke
Denne artikkelen sto opprinnelig i litteraturtidsskriftet Bøygen nr. 4 2013.
A som i audmjuk, autoritet (hos omsettaren), alt som er, alt muleg, alle ord, allmennkunnskap.
B for babyar eg må drepe, for at det ikkje er ord, men bruken av ord eg skal omsette, for banalitetar i originalen som ikkje kan bli anna på norsk heller; B som i bølgjelengde med teksten og stilnivået, bryte ned originalen og bygge den opp igjen på norsk, for svensk omsettarveteran Jan Stolpes 1. og 2. bod: ”Du skal ikkje normalisere”, og ”Du skal føre lesaren til boka, ikkje boka til lesaren”.
D for distanse, for dialektproblematikk og -dosering, demensførebyggande? døgndrift i hjernen, dialogdriven handling, D som i dårlege sexskildringar, dårleg betalt, deadline.
E for energien i teksten, E som i engelskfella – er engelsk verkeleg så likt norsk i syntaks og struktur at eg kan omsette rett fram, eller har eg lese så mykje engelsk at eg trur eg skriv norsk? Og at eg trur eg kan engelsk? Og alle ”engelskar”?
F for faen (tidl. pokker), flyt i teksten (og gjerne i arbeidet, om muleg), for forfattaren, for forfattaren sin (ja da) autoritet, finne rytmen, fange tonen, forstå og formidle kva som står og korfor, evt. finne på sjøl!; F som i frustrasjon – over forbaska forfattarpåfunn, forlags forvirrande og uforståelege disposisjonar og forleggarforeninga sin evig arrogante og forbeina uforstand for omsetting som yrke og ikkje dyr hobby;
F for alt nyttig ein får fagfolk og kollegaer og alle slags folk; men òg at vi på norsk heller får enn blir gitt – som i ’eg får gnagsår i øyra av det maset’, sjølv om ’mas gir gnagsår’ også er forståeleg; F for å ikkje alltid halde på formene i originalen; for å sleppe faste norske uttrykk og vendingar litt fri, la dei få nye og friske leikekameratar frå framande språk og fjerne strøk, til fryd for skrivar og lesar!
F for å ikkje file så fælt på teksten at du fjernar kvar friske flate - og filer av den vesle honorargreina du sat på òg, sia det ikkje er timetalet, men talet på tastetrykk i ferdig bok som tel. Sånn tenkjer ein sjølsagt ikkje, men factum est).
G som i gløymsle, få lesaren til å gløyme at boka er på norsk og tru han at les flytande tyrkisk eller iallfall fransk; godt språk, gjendikting som ikkje er gjendiktarens frie egotripp.
H for å høyre etter, høyre teksten, få hjelp frå dei underlegaste kantar; for honorar, ikkje ”honorar”.
I som i ’ikkje høyr på alt Google seier!’, ikkje ver redd teksten, ikkje for glad i eigne formuleringar, ikkje heng deg opp i eitt og eittord, men det indre livet mellom dei; I for internett og pass deg for nettinntaket!
J for juks, juks er premissen og kunsten. J for den indre jubelen når omsettarane kjenner at dei formidlar ”verdens beste bøker på verdens beste norsk” – jess!!!
K – ”Kontekst er konge!” (Bakkes lov, dvs Kyrre Haugen Bakke), K for konsentrasjon, særleg med kompakt original der alt skal med på norsk òg! , K som i ”Og korfor skriv du ikkje bøker sjølv? He he, det er skrive bøker eg driv med! Andre sine, men om igjen på norsk”; K som i omsetting som ’det umuliges kunst’ og handverk; kryssord mellom språk dagen lang; K som i konkursforlag og ingen rett til krav i buet for frilansarar.
L – for lesaren, lesinga, for lyden av litteratur!, for lys som går opp!, for å la seg drive, dykke ned og komme seg opp att og lande på beina, for oversetting som legitim forfalsking (Johan Harstaad); L som i livsstilsyrke. La seg ta, la seg rive med men ikkje over stokk og stein (ikkje særleg lurt).
M for mange mulege måtar, for method acting, for musikalitet, moro, truverdig muntleg tale, ein nådelaus manusvaskar: ”Du broderer! Fydda!”
N som i Nav-nag (frilansar, hald deg frisk!); som i Nei til null royalty: Nei til norsk normalisering av dialog/sosiolekt/dialekt i originalen! Nei til fastspikra angst for at ”dialekt blir så veldig geografisk på norsk …”, høyr på folk og ta det frå der! Norsk versjon er jo juks uansett, ein illusjon av originalen; N for Norsk Oversetterforening, for nettoppslagsverk, nøyaktig lesing og ditto arbeid, og ja, det er så nøye.
O for ordbok, ordbok, ordbok, oppfinnsame ordspel, oppdatering konstant, O som i originalen og atter originalen, osmotisk forhold til språk og ord og variantar og onomatopoetisk praksis.
P for press, for å kalle eit problem eit problem, for nordiske språks presiserande og plasserande måtar å vise kroppens positur og ’væren’ i rommet på (sat inne i stova, stod og såg ut, stod og ikkje sa noko).
Q for kalvedans, quo vadis omsettarrolla, qua faen vart det av royalty for bestseljaromsettaren?
R for røysta, rytmen i originalen, for geniale Magne Rommetveit: Med andre ord (obs! den på CD-rom!), for å vere på reise livet gjennom, R òg som den stadige ut- og innskiftinga redaktørar, som i romslege og stramme rettskrivingsnormer, ja takk.
S for semikolon! For sjukdomsfridom, sosiolektar, språkøyre, språkleg påfyll via norsk samtidslitteratur og samtidsnorsk levande språkbruk og tale, for å stille spørsmål ved alt ein trur ein veit, slå opp ord, stramme opp og skjere ned og ned og ned før levering, S som i strev, senebetennelse, søknadsfristar, sjølmelding og næringsskjema, stange hovudet i veggen, S for å sjå kva som faktisk står!, sjargong og ”sjargong”, for to sidestilte sidemål, som når utlendingar spør, ’veit eg ikkje kva eg skal seie/vet jeg ikke hva jeg skal si’ – er ikkje eitt ord likt, eller ein lyd! S som i skrive boka om att på norsk, spele skodespel, ’svampe’ nye ord og uttrykk og namn på ting, S for stilen, stilnivået, setningsmelodien, songen i fine setningar.
T for forfattarens temperament og tone (blir det for abstrakt? Tenk på forfattarflokken Tove Nilsen, Jostein Gaarder, Jan Kjærstad, Roy Jacobsen og Per Petterson med tilnærma same oppvekst i tid og rom, f. 1952-55 austafor Oslo S omtrent, men med kvar sin tydelege tone – tenk om dei vart like og like tonelause når bøkene kom ut på engelsk!); og trykket, kor ligg dét i denne talen, tiraden, utblåsinga, tanken?; T som i tunga rett i munnen, truverdig tidskoloritt, teikneserieforfattarars læreverdige dialogkompresjon og fantasi, for tolmod, tillit til teksten og til eige språk, T for tvil og tvilens rett.
U som i uomsettelege uttrykk, underbevisst ordsøking 24/7, ubegripeleg tekstoriginal, ubehageleg materie å gå inn i (når ordet faktisk betyr at det kong A inviterte broren heim på, var burgarar av kjøtet på babyane hans!), utfordring på utfordring; U for det ulike, det unorske, oversetting som ugudeleg utmattande og fascinerande arbeid; U for ut med ideen om ”usynleg oversettar”: Gi ein tekst til ti av oss og du får garantert ti ulike versjonar …
V er nemleg for val, for å måtte velje og velje mellom tallause mengder ord, nyansar, mulege variantar, seiemåtar:
Tilfeldig døme på eit av mine prøvehopp i Paula Fox: Borrowed Finery, side 72 (Lånt stas, ut tidleg 2014):
When I woke in the morning, it seemed my father had visited me in a dream.
Då eg vakna om morgonen, var det som om /
far min hadde besøkt meg i ein draum/ besøket til far min var noko eg hadde drøymt/ eg hadde drøymt at far min kom på besøk, el. drøymt besøket til far min/
var det som i ein draum eg hadde hatt besøk av far min.
V for valør, verdi, faste vendingar – kan eg behalde den artige danske originalen, sjølv om eg og sikkert alle veit at dobbeltkonfekt på norsk er smør på flesk?
W for Wikipedia, Wiktionnaire, Wiktionnary.
X for x-faktoren, det dukkar alltid opp noko du aldri har vore borti, forlaget har glømt å seie at dei ikkje gir ut boka likevel, etc.
Y for yrkesnevrotisk akuttreaksjon på trykkfeil og mediespråk.
Zzzz, kjem ho aldri til Å?
Æ for ærleg, ærekjær, ærbødig.
Ø for øyre for dialogen, for rislinga og raslinga i teksten.
Å, sååå trist, får ikkje halde på manuset lenger …; Åhå, endeleg La fin!
PS. P for å få til dette i praksis! S for at det er lett å vere stor i kjeften, men. Er eg heldig, får eg ein jævel av ein manusvaskar som spring etter meg og manuset mitt med øks. Punktum.
Har du stemt frem din favoritt?
for 2 timer siden
1 kommentar:
Forslag til utvidelse: W for WHAT???!!! – reaksjon på manglende vask av original.
Legg inn en kommentar